Målsetjing

Stongfjorden Vel har til føremål å arbeide med saker som kan fremje næringsliv, kultur, fritidsaktivitetar og tiltak elles, til nytte og glede for folket her.
Velforeninga må også arbeide for å halde på og betre dei samfunnsgoder vi alt har.

Stongfjorden Vel skal vere eit samordnande organ som tek på seg oppgåver av allmenn interesse, enten på eige initiativ, eller på oppmoding av andre.  Velforeninga sitt høgste organ er ALLMØTET.

Vedtekter

  1. Stongfjorden Vel er eit ope forum der alle som er busette i krinsen kan fremje saker.  Organisasjonar/institusjonar og lag kan be om samarbeid med velforeninga, likeeins som velforeninga kan søkje samarbeid med andre lag, organisasjonar og institusjonar.
  2. Stongfjorden Vel skal ha eit styre på 5 medlemar og 3 varafolk.  Av medlemane skal eitt veljast av kommunestyret, dei andre vel årsmøtet.  Styret konstituerer seg sjølv, men årsmøtet vel leiar.  Sekretær skal ikkje vere vald styremedlem.  Kommunen betalar løn til sekretær etter vedtekne reglar.
  3. Styret vert valt for to år om gongen.  To av medlemane står på val kvart år, første gong utplukka ved loddtrekning.  Leiaren skal veljast kvart år. (berre dei som har vore med i styret dei siste to åra kan nekte å ta i mot val).  Varafolk vert valde for to år.
  4. Styret skal ha med både kvinner og menn.  Vidare bør det vere ei målsetjing å ha god aldersspreiing i styret, slik at korkje unge, dei middelaldrande eller dei gamle fell utanfor.
  5. Alle over 14 år har røysterett.  Alle i krinsen har møte- og talerett.
  6. Til dei saker/oppgåver velforeninga arbeider med, kan det setjast ned eit arbeidsutval.  Allmøtet vel desse personane.
  7. Arbeidsutvalet har ansvar for at den konkrete oppgåva vert fullførd, og dei skal halde allmøtet underretta undervegs.
  8. Styret kunngjer allmøtet seinast 1 veke på førehand. (Om mogeleg kan det setjast opp møteplan for heile/halve året ved starten av kvart semester.
  9. Alle saker som det skal gjerast vedtak i, skal vere i kunngjeringa.  Hastesaker er unnateke frå dette, men styret må kjenne til dei på førehand.  Det er opp til allmøtet å avgjere om ikkje tillyste saker skal komme opp til avgjerd.
  10. Søknader, brev og liknande til andre instansar skal underskrivast både av leiar i hovudstyret og leiar i eventuelt arbeidsutval.
  11. Allmøtet bør haldast minst 4 gonger i året, eitt av desse kan/bør vere årsmøte.  Der mange ynskjer det, bør møta leggjast til tidsrommet fredag kveld – sundag ettermiddag.