Stangfjord kjem heim!

Skrevet 10.06 2016 av

M/S STANGFJORD KJEM HEIMATT til Stongfjorden tysdag 14.juni (om værgudane vil). Kom og ver med på velkomsthøgtid på kommunekaia klokka 1800! Følgjekonvoi inn fjorden frå Follevågneset kl 1700. Vi oppmodar flest mogeleg til å stille med både gamle og nye båtar - og gjerne pynta i festskrud. Den internasjonalt kjende jazzmusikaren Arve Henriksen vil spele på lur og trompet. Helsing og ”atterdåp” ved ordførar Frida Melvær. Helsing og orientering om restaureringsarbeidet ved leiar og prosjektansvarleg i Veteranbåtlaget M/S Stangfjord; Lasse Yndestad og Ove Losnegård Kystkulturelt innslag ved forfatter Rolf Losnegård. Vi vonar også på litt stemningsskapande trekkspelmusikk og god drøs på kaia. Enkel servering og kaffi, is til borna! Alle er velkomne – store og små til ei spennande sommarkveldsstund i Stongfjorden! Arrangementet er sponsa av Steinvik Fiskefarm og Stongfjorden Velforening.