Kostnadsreduksjonar i rutetilbodet 2016

Skrevet 05.10 2015 av

Kollektivtrafikk og fylkesvegar: her er Stongfjorden Vel sine innspel til rutetilbodet 2016:


Sogn og Fjordane fylkeskommune greier for tida ut ulike kostnadsreduserande tiltak for å tilpasse seg nye økonomiske rammer.
Samferdsleavdelinga har greidd ut tiltak innanfor sine område som er kollektivtrafikk og fylkesvegar.  Som tidlegare år vert det ein ruteplanprosess der vi inviterar kommunane og andre interesserte til å kome med ruteinnspel.  Stongfjorden Vel var med på eit møte saman med ordførar Frida Melvær, der alle velforeningane var representerte.  I tillegg har vi sendt inn innspel i brev form:

 

 

Sogn og Fjordane Fylkeskommune                                                                                                                Stongfjorden 30.09.2015

Samferdsleavdelinga

 

Vedr sak nr. 15/5437-1: Innspel til endringar i rutetilbodet frå 20.juni 2016.

 

 

Stongfjorden Vel takkar for henvendinga og har desse innspela til Samferdsleavdelinga:

 

Det eit stort ønskje om å få kunne behalde det minimums-tilbodet vi har idag. Det har allerede vore kutt i tilbodet for Stongfjorden: buss til Holevik er nedlagt. Dei rutene som fins idag, er absolutt nødvendige for folk som bur her:

 

06.50 – ruta frå Askvoll til Førde er arbeidsruta til den største arbeidsplassen for folk i Stongfjorden.

08.10 – ruta frå Askvoll, brukar dei som skal nytte helsetilbodet i Førde – som sjukehuset.

08.10 – ruta frå Stongfjorden til Askvoll køyrer elevar til Holmedal og Askvoll Skule.

10.49 – ruta frå Askvoll tek med seg passasjerer frå Bergen til Stongfjorden.

14.19 – ruta frå Askvoll: skulerute tilbake til Stongfjorden.

16.10 – ruta frå Førde brukar arbeidspendlarane til Stongfjorden, og vidare til Askvoll brukar elevar som skal nytte aktivitets-tilbod i Askvoll. Denne korresponderer med båt til Bergen.

19.05 – ruta frå Askvoll tek med seg passasjerar frå Bergen, og ungdommar kjem seg heim frå aktivitets-tilbod i Askvoll.

 

 

Det er også eit ønskje om å få oppretta ei rute frå Stongfjorden til Førde via Dale og retur som trer i kraft automatisk dersom vegen mellom Stongfjorden og Førde blir stengd pga ras. Det er ofte stengingar ved Heilvang pga av rasfare. Det er då ønskjeleg at bussen går automatisk via Dale.

 

 

Med Vennleg helsing

 

Idun Losnegård

leiar Stongfjorden Vel

idunlosnegard@gmail.com

95832287